PocketID

Pocket ID er din skole sin alt i et løsning for IDkort.
Kort og godt, ingen kort. Smart sant?

Mindre plast, mer kontroll

Pocket ID – eit mobilt alternativ for skulebevis/ID .

Dei tradisjonelle plastkorta som har vore brukt som skulebevis i mange år, er i ferd med å «gå ut på dato».  I tillegg til at dei er lite miljøvenlege, er dei også lite praktiske.  PocketID er eit alternativt skulebevis/ID på mobiltelefonen basert på innlogging via FEIDE.

Tenesta er utvikla i nært samarbeid med FEIDE, IKT-avdelingar i fylkeskommunar, skuleadministrasjonar og elevtillitsvalde, og med god støtte frå Innovasjon Norge.
Pocket ID har vore gjennom ein treårig utviklingsprosess  og har vore i praktisk bruk i to år.  Rundt 30.000 elevar har no tilgang til Pocket ID.
Ryktet om dei positive erfaringane som skulane har med PocketID, spreier seg tydelegvis både mellom skulane og fylkeskommunane, og stadig fleire enkeltskular og fylkeskommunar ynskjer å gå over til vår mobile løysing PocketID.

Skulen administrerer sine elevar

Tenesta er utvikla med eige administrasjonssystem der skulane kan logge seg inn og administrere «sine» elevar. Dvs. at om ein elev sluttar, eller ein ny elev kjem til, så oppdaterer skulen det sjølve.

Tilgang frå første skuledag.

Dei fleste vidaregåande skulane har behov for at elevane skal få sitt skulebevis/ID frå første skuledag. Dette m.a. for at dei skal i biblioteket for å hente ut bøker, eller dei skal printe på skulen sine kopimaskiner/printarar. Med Pocket ID kan skulen laste opp klasselistene med nødvendig info. Så kan elevane laste ned appen PocketID og logge seg inn via FEIDE og få tilgang til sitt skulebevis alt ved første skuledag.

FEIDE/Dataporten.

PocketID er bygd opp omkring FEIDE, Kunnskapsdepartementet si inloggingsløysing.  UNINETT som driftar denne tenesta vidareutviklar ei ny løysing, «Dataporten» som vil gjere alle tenester langt meir brukarvennleg. PocketID sin nye plattform er tilpassa Dataporten.

Databehandleravtale og GDPR.

I fylke der tenesta PocketID er teke i bruk, er det også i dei fleste tilfella utarbeidd Databehandleravtale med fylka, basert på FEIDE sin mal for slike avtaler. Frå våren 2018 vil det verte heilt nye EØS-reglar for behandling av personopplysningar. Dette nye regelverket som har forkortelsen GDPR vil vere svært strengt og omfattande. PocketID byggjer tenestene basert på det nye og strenge regelverket.

Samarbeid med skulefotoselskap.

PocketID har eit godt samarbeid med fleire skulefotoselskap. Der skular nyttar desse fotoselskapa, er det ein kort prosess frå fotograferinga til bilda er lasta opp til PocketID og til skulen sitt administrasjonssystem.

“Skreddarsydd” for skulane.

Skulane kan ha ulike behov og ynskje, enten det berre er snakk om skulebevis/ID, eller om dei også vil ha andre funksjonar som bibliotek, kopimaskin, skuleskyss eller døropnar. Vi tilpassar og «skreddarsyr» PocketID etter skulane sine ynskje.


Målsetjinga med PocketID er:

Mindre plast – Meir kontroll

Kontakt oss gjerne for meir info.

Ta kontakt for ein uforpliktande prat:

Sindre S. Reed

Daglig Leiar

95 87 87 06
Sindre@PocketID.no

Tor Inge Løvland

Teknisk Ansvarlig

Per Svein Reed

Kommunikasjonsansvarlig

99 44 73 00
Per.Svein@PocketID.no

Copyright: PocketID AS | Reed, 6827 Breim | Post@PocketID.no | Org. nummer. 913 212 967