PocketID

 Samtykke til bilde

Samtykke i korte trekk:

- ei teneste frå PocketID

Tilbake til:

  • PocketID har utvikla ei løysing for biletflyt og samtykke til bilete i samarbeid med fleire fylkeskommunar.
  • Elevane kan gi og trekkje tilbake samtykke til bilete i Visma Inschool i PocketID-appen.
  • Skulen/fylket kan enkelt få oversikt over kven som har gitt eller ikkje gitt samtykke, og eksportere bilete berre til dei som har gitt samtykke.
  • Løysinga er integrert med samtykkeportalen i FINT, slik at ho kan styre kva bilete som går til kva teneste, til dømes VIS.
  • Dette gir skulen/fylket ei fullstendig automatisert løysing der manuell administrasjon av samtykke er historie.

Beskrivelse av tenesta:

I forkant av skulestart 2023 utvikla PocketID i Samarbeid med Viken Fylkeskommune og Rogaland Fylkeskommune ei løysing for bildeflyt, samt samtykke til bilde i Visma Inschool (VIS). 


Utfordringa var at bilde av personar i VIS krev aktivt samtykke, men fylkeskommunane mangla gode og effektive måtar å gjere dette på. 


I PocketID la vi då til rette for at elevane kan håndtere samtykke i appen ved å gje og trekke tilbake samtykke i appen dei allereie har eit forhold til i kvardagen. 


Skulen/fylket kan enkelt hente ut oversikt over kven som har gjeve/ikkje gjeve samtykke, samt eksportere bilda kun til dei som har gjeve samtykke. 


Løysinga er laga slik at den kan styre samtykkeportalen i FINT. Når PocketID allereie overfører bilde til FINT, ligg alt til rette for at samtykkeportalen i FINT styrer kva bilde som går til kva teneste (eksempelvis VIS). 


På denne måten får skulen/fylket ei fullt ut automatisert løysing der manuell administrasjon av samtykke er historie