PocketID

ID bevis

Digitale ID-bevis på mobilen

- ei teneste frå PocketID

ID beviset i korte trekk:

  • Skulane treng ikkje lenger vente i fleire veker på å få tilsendt skulebevisa.
  • Elevane kan laste ned appen og logge seg inn første skuledag for å bruke tenesta.
  • Tenesta kan brukast åleine eller saman med bibliotekkort, skuleskyss og digitale nøklar.
  • Det er mogleg å ta bilete av seg sjølv med eigen smarttelefon som koblast opp mot skulebeviset.
  • Skulen kan enkelt godkjenne eller tilbakestille bilete gjennom administrasjonsportalen.

Tilgang frå første skuledag

Tradisjonelt har skulane måtte vente i fleire veker på å få tilsendt skulebevisa. No kan elevane laste ned appen vår, og logge seg inn første skuledag, og bruke tenesta anten åleine, eller saman med tenestene som bibliotekkort, skuleskyss og digitale nøklar. Tenesta fungerer godt åleine med bruk av sjølvpotrettløysinga, eller i kombinasjon med skulefotograf. Etter at det er gjennomført skulefotografering, kan bilda batch opplastast til vårt webgrensesnitt. Bilde blir automatisk kobla mot riktig person og tilgjengeleg i eleven si app og på klassekart. for offentlege skular som nyttar FINT kan bilde automatisk bli overført frå PocketID via FINT til andre fagsystem, eksemepvis Visma Inschool.


Sjølvportrettløysing

Som eit supplement til tradisjonell skulefotografering  kan vi tilby ei spesialutvikla løysing der elevane tek bilete av seg sjølv med sin eigen smarttelefon. Biletet vert automatisk kobla opp mot eleven sitt skulebevis. Under fotograferinga føl eleven ei veileder som set diverse krav til bildet. Når eleven har bekrefta eit bilde blir det låst til eleven sin profil og kan ikkje endrast uten godkjenning frå skulen. 

Så snart eleven har bekrefta biletet, vil det vere tilgjengeleg for skulen i PocketID sin administrasjonsportal. Her kan skulen enkelt godkjenne, eventuelt tilbakestille biletet. I så fall vil eleven umiddelbart få melding om å ta nytt bilete. Skulen kan av den grunn velge mellom- eller kombinere følgande løysingar: sjølvportrett, skulen tar bilete, eller bilete frå fagfotograf. Skulen vil i alle tilfelle få tilgang til bileta for bruk i administrasjonssystemet sitt.