PocketID

Styringssystem

Frigjer tid for deg som kunde

PocketID har sin bakgrunn frå utdanningssegmentet kor vi sidan 2016 har runda 500 000 brukarar. Sidan starten har PocketID hatt som målsetjing å forenkle og automatisere for kundane våre. Vi har fått veldig gode tilbakemeldingar og kan vise til at vi har forenkla tidkrevjande og tungrodde prosessar tilsvarande mange årsverk. 


I 2019 begynte vi å utvikle eit heilt nytt web-grensesnitt for handtering av tilgangar og styring av nøklar. Vi såg då store synergiar mellom utdanningssegmentet og spesielt bedrifter i offentleg og privat sektor.


Etter enormt mykje utviklingsarbeid, og i nært samarbeid med brukargruppene, har vi ferdig ei løysing som har fått fantastisk gode tilbakemeldingar på frå gruppa av pilotbrukarar. Fellesnemnaren på tilbakemeldingane er:

  1. Oversikteleg og brukarvenleg grensesnitt
  2. Store besparelsar på tid og kostnadar for administrasjonen
  3. Enkelt å tildele nøklar til f.eks. gjestearbeidarar
  4. Full kontroll på alle nøklane som til ei kvar tid er aktive


Ferdig med det nye web-grensesnittet vert vi nok aldri. Vi fortset å utvikle og optimalisere denne løysinga med mål om å forenkle for akkurat deg.


PocketID FLEX i praksis

I PocketID FLEX Integrerer vi oss mot eit av dine kjernesystem på eine sida, eksempelvis Azure AD, Google Workspace eller liknande. I tillegg koblar vi oss mot mange låsesystem. 


I vårt draumesenario meinte vi at det ikkje burde være vanskelegare enn at ein lås er ein lås, ein nøkkel er ein nøkkel, og den gir deg tilgang til det du treng. Realiteten i dag er ein heilt anna med mange ulike kort standarder og låsesystem som ikkje kommuniserer i lag. Dette resulterer i at spesielt større bedrifter med fleire lokasjonar og gjerne ulike låsesystem ofte må bruke fleire plastkort som åpningsmedie, og administrasjonen av tilgangane vart mykje meir omfattande for kvar nye lokasjon eller låsesystem. 


I vårt web-baserte grensesnitt er ein lås ein lås. Låsar på tvers av forskjellige låsesystem kan grupperast og tilgangar kan enkelt verte tildelt. Gjennom vår kommunikasjon med dei ulike låsesystema blir brukarmassen i desse systema oppretthalde av PocketID. 


I appen vår kan dei tilsette i bedrifta di få sine nøklar, med ID bevis og profilering. For deg som bedriftsleiar kan vi nesten garantere at de vil spare tid og ressursar 

PocketID integrerar med dei fleste låssystem, i Norge anten direkte eller via partnar, her er eit utval: